Politiattest for idrettslag
Idrettsstyret har med heimel i strafferegistreringsforskrifta vedteke at alle idrettslag frå og med 1. januar 2009 pliktar å hente inn politiattest for personar som skal utføre oppgåver for laget som medfører eit tillits- eller ansvarshøve overfor mindreårige eller menneske med funksjonshemming. Dette gjeld både personar som skal ta på seg nye oppdrag for laget og personar som er i eit eksisterande oppdrags-/tilsettingstilhøve for laget. Med mindreårige meinast personar under 18 år.
Fyll ut skjemaet under (sjå link) - lever skjemaet inn for å få underskrift av administrasjonen i FBK Voss. Me vil så levere inn skjemaet til politiet i Voss for dykk. Når de mottek svarbrev frå politiet, må alle koma og vise svaret til administrasjonen igjen - medan de beheld søknaden sjølve.
Ta gjerne kontakt om noko er uklart.
Eg har og liggande ein del skjema på kontoret dersom det er lettare for dykk å fylle ut.
Ingvill
http://www.idrettsforbundet.no/tema/politiattest/Documents/politiattest_skjema_nynorsk.pdf




