20
feb

Tap for damelaget vårt!

Åsane – Voss 6-0 (2-0)

Årets fyrste treningskamp gjekk i vestlandshallen på laurdag. Mange nye spelarar fekk smake på nivået og det vart nok litt høgt for nokon denne gongen. Men me må ta med oss dette som god læring! Ingen poeng vart delte ut, og me kan love Åsane meir motstand når me kjem på besøk neste gongJ..

Dette var vår fyrste gong på stor bane i år, noko som prega oss gjennom heile kampen. Me vart for seine i forflytninga defensivt, og me slapp til kjappe Åsanespelarar både i mellomrom og bakrom.

Når me fekk ballen vart det litt for hektisk og me kom sjeldan etter med nok folk.

Likevel, dette vart ei god gjennomkøyring, og me skal nærme oss nivået me må ha fram til “alvoret” startar 14. april.. Vårt hovudfokus til no har vore å kome i bra fysisk forfatning, så skal me bruke tida godt framover til å øve inn ein betre defensiv struktur og ein offensiv spelestil som skal passe oss i år. Me ser fram til å få alle spelarar på plass og ikkje minst få gode forhold på banen utover!

Dagens lyspunkt var Laila, som spelte godt som midtstoppar og virkar å vere i bra slag! Kjekt og å sjå Tonje som kom inn i pausen, hadde nokre fine innvolveringar og skapte litt trøbbel for “sin” back!

Takk til Karina, Trine og Randi for oppmøte og moralsk støtte på tribunen!! Og takk til Kristine, som har trent litt med oss i vinter, men har bestemt seg for å fortsette i Sandviken 2.

Neste kamphelg blir mot Sola i Vestlandshallen laurdag 3.mars kl.1600 og Fortuna 4.Mars kl 1200.

Laget mot Åsane:

Jennifer ( Anna frå 60.min) ,Oda – Ragnhild ( Mari N. frå 45.min) – Laila – Kristine , Linn – Silje .H –Gyrid – Sanna – Johanna (Tonje frå 45.min), Rajfa.

-Bjarte-

IMG 4423-red-heimes

Neste aktivitet:

19.05.2012 16:00 - 18:00
Stryn-Fbk hr.3.div.

20.05.2012 16:00 - 18:00
Åsane-Fbk 1.div.Kv.

26.05.2012 15:00 - 17:00
Seriekamp Fbk-Medkila 1.div.Kv.

26.05.2012 15:00 - 17:00
Førde-Fbk 3.div.Hr.

02.06.2012 15:00 - 17:00
Avaldsnes-Fbk 1.div.Kv.

Siste Twitter:

Ved å tilknyta FBK VOSS som din grasrotmottakar får klubben 5% av alt du spelar for hjå Norsk Tipping.

Klikk her for å lesa om korleis du tilknyter deg.

Siste innlegg på oppslagstavla:

Svar Tema
0
16.05.2012 8:49  Ungdomsfotball

0
15.05.2012 10:58  Ungdomsfotball

0
14.05.2012 20:04  Ungdomsfotball

0
14.05.2012 13:40  Ungdomsfotball

Tidsrom:   4 t   8 t   12 t   24 t