Lagleiarinfo

Lagleiar - administrative oppgåver

  • Lagleiar har ansvar for at det vert fylt ut spelarliste med namn, adresse, fødselsdato, telefonnummer, og e-postadresse. Lista skal også innehalde opplysningar om namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse på føresette på laga opp til og med junioralder. Lista skal leverast til administrasjonen i Fbk Voss. Tidsfrist: senior - 1. januar, 1. februar for resten.
  • Lagleiar har ansvar for at det vert organisert transport til bortekampar.
  • Lagleiar skal vere bindeledd mellom spelarar, trenarar og styret.
  • Ved eventuelle disiplinære vanskar skal lagleiar vere med på å løyse desse og om naudsynt ta desse opp med styret i klubben.
  • Lagleiar har medansvar for å ta vare på/vedlikehalde det utstyret laget har.
  • Ved flytting av kampar skal lagleiar kontakte motstandar, dommar, banekoordinator og Hordaland Fotballkrins (frå 11’ar fotball). Adresse/tlf. nr. finn ein i Hordaland Fotballkrins si handbok.
  • Ansvar for at medisinskrin til ei kvar tid er ”oppdatert”. Is og tape får ein ved å henvende seg på kontoret.
  • Ved skader: Dersom spelar vert skada og får utgifter med lege, må lagleiar hjelpe til med å fylle ut skademeldingsskjema. Dette skal brukast på alle spelarar. For å få dekke utgifter gjennom klubben si lagsforsikring/lisensforsikring, må skjema vere utfylt. Telefon legevakt: 56 51 30 00 Ambulanse: 113
  • Lisens (gjeld spelarar på seniornivå): Før fyrste kamp skal lagleiar sjekke at spelarane har lisensen i orden. Lisenspliktige spelarar er ikkje speleklare før lisens er betalt! Hugs KID-nummer. Blankettar til lisensbetaling er å få på klubben sitt kontor.
  • Lagleiar har ansvar for at drakter vert innleverte nyvaska til administrasjonen i klubben etter sesongslutt og får utlevert drakter igjen før sesongstart.
  • Lagleiar har saman med trenar ansvar for at årsmelding vert skriven og levert til administrasjonen i Fbk Voss, så snart sesongen er over.
  • Idrettsforbundet har kome med fylgjande påbud:

Alle ansatte og frivillige som skal utføre oppgaver for idrettslaget som innebærer et tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller mennesker med utviklingshemming, skal avkreves politiattest.

Lagleiar må syte for at dette vert gjort i god tid før sesong og evt. cup.

Lagleiar – oppgåver i samband med kamp

Lagleiar har ansvar for den praktiske tilrettelegginga i samband med kampar.

Bortekampar

  • Fylgje laget på kampane, evt. skaffe ”vikar”
  • Saman med trenar sjå til at laget har nødvendig utstyr
  • Rydde i garderobe etter kamp

Heimekampar

  • Ta i mot og vise gjestane lag til garderobe, orientere om praksis i høve verdisaker
  • Ordne med betaling av dommar (gjeld ikkje mini- og lillelag). Dommarrekninga betaler lagleiar i fyrste omgang og får dette refundert ved å levere inn rekninga til administrasjonen.
  • Ordne med drakter/overtrekk til motstandar ved draktkollisjon
  • Fylle ut dommarkort og underteikne dette etter kamp. NB! Gjeld ikkje mini- og lillelag
  • Ringe inn kampresultat på tlf. 800 33 488 (grønt nr. – tabelldata betaler) NB! Gjeld ikkje mini- og lillelag
  • Rydde i garderobane etter kamp og evt. låse
  • Lagleiar har saman med trenar ansvar for å føre spelar og kampstatistikk

Reglar og rutinar ved køyring til/frå kamp

Om ein nyttar privatbilar set ein fylgjande krav:

Til køyretøy

  • Bilen skal vere EU-godkjend
  • Det skal vere godkjende 3-punkts sikkerheitsbelte til sjåfør og alle spelarane i bilen

Til sjåfør

  • Sjåfør må ha hatt sertifikat i minst tre år
  • Som hovudregel skal foreldre/føresette køyre
  • Berre unntaksvis skal spelarar sjølve køyre
  • Fartsgrensa skal overhaldast

Krav til lagleiar

  • Passe på at alle sit sikra i 3-punkts sikkerheitsbelte. Sikkerheitsbelte skal og nyttast i buss.
  • Det skal reknast god køyretid. Avreisetid skal overhaldast.
  • Sørgje for at det er ansvarleg leiar for turen som veit kven som køyrer og kven som er passasjer i kvar bil.
  • Passe på at køyreruta vert avtala på førehand.
  • Sørgje for å vita kvar banen ein skal spele på ligg (banekart i handboka).

Rutinar ved evt. ulykke

  • Ansvarleg leiar for turen samlar laget og skjermer dei frå ulykkesstaden.
  • Anna vaksen hjelper til der det trengs rundt ulykka.
  • Viktig at alle får kontakta heimen så snart som råd – større ulykker vert fort varsla i media.
  • Viktig med kort samtale/gjennomleving av hendinga før heimturen startar.
  • Det skal omgående informerast om uhell/ulykker til dagleg leiar/styreleiar i Fbk Voss, evt. andre styremedlemmer.
  • Ved større ulykker skal det organiserast hjelpeapparat/samlingsplass for involverte på heimstaden. Ansvar for dette ligg på dagleg leiar/styreleiar eller den som vert kontakta. Om naudsynt må ein straks ta kontakt med vakthavande lege for oppretting av krisehjelp.
  • Naudnummer til legevakt/ambulanse 113.

Påmeldingsavgifter

Namn på nivåAntal påmeldingsavgifter       Cuptilskot
Miniputt To Voss Cup og Bendit Cup
Lilleputt To Voss Cup, Bendit Cup + evt. to lagleiarkort på annna cup
Smågut/-jente, gut/jente To Kr. 3000.-
Junior Inngår i sum i cuptilskotet Kr. 5000.-


Merknad!

Minilaga

Klubben melder på alle eigne lag til Voss Cup og Bendit Cup, skal laga vere med på andre cupar – lyt laga melde seg på og dekke påmeldingsavgifta på desse sjølve. Minilaga vert oppfordra til å delta på andre cupar i klubben sitt nærområde.

I høve Voss Cup skal alle Fbk Voss sine spelarar betale inn ein redusert pris for deltakarkort, som skal gå til å dekke T-skjorte, premie, diplom, lagbilete, gratis tilgang til ulike aktivitetar under cupen. Lagleiar må kontakte administrasjonen i Fbk Voss i mai for å orientere seg om kva pris som gjeld, samle inn desse pengane og betale for sitt lag når ein registrere seg og hentar utstyr i sekretariatet under cupen.

Lillelag

Klubben melder på alle eigne lag til Voss Cup og Bendit Cup, skal laga vere med på ein anna cup, må laget melda seg på til denne sjølv. Fbk Voss dekker to lagleiarkort til éin cup utanom Voss Cup og Bendit Cup. Her må lagleiar levere faktura til administrasjonen i Fbk Voss, slik at dei to lagleiarkorta vert betalte. Lillelaga vert oppfordra til å delta på éin cup med overnatting.

I høve Voss Cup skal alle Fbk Voss sine spelarar betale inn ein redusert pris for deltakarkort, som skal gå til å dekke T-skjorte, premie, diplom, lagbilete, gratis tilgang til ulike aktivitetar under cupen. Lagleiar må kontakte administrasjonen i Fbk Voss i mai for å orientere seg om kva pris som gjeld, samle inn desse pengane og betale for sitt lag når ein registrere seg og hentar utstyr i sekretariatet under cupen.

Smågut/småjente, gut/jente

Her må lagleiar sende inn til administrasjonen i Fbk Voss eit bilag, der dei ber om å få utbetalt cuptilskot, med namnet på laget og kva konto beløpet skal setjast inn på. Jente-/gutelaga, juniorlaga og seniorlaga får dekka transport til bortekampar av klubben og det vert anbefalt at ein nyttar klubben sine eigne bussar til dette. Kan bestillast via klubben si eige nettside.

Sosiale tilskot til laga

Fbk Voss gjev laga desse tilskota til sosiale tiltak

Namn på nivåTilskot i kroner
Mini- og lilleputt Kr. 60.- per spelar
Smågut/småjente, gut/jente Kr. 1000.- per lag


Merknad!

Minilaga/lillelaga

Her må lagleiar sende inn til administrasjonen i Fbk Voss eit bilag, der ein ber om å få utbetalt sosialt tilskot og noterer fylgjande opplysningar:

  • Namnet på laget
  • Antal spelarar
  • Antal trenarar
  • Konto beløpet skal betalast inn på

Smågut/småjente, gut/jente

Her må lagleiar sende inn til administrasjonen i Fbk Voss eit bilag, der dei ber om å få utbetalt sosialt tilskot, med namnet på laget og kva konto beløpet skal setjast inn på.

Foreldrereglar

  • Møt fram til (trening) og kamp
  • Oppmuntre alle spelarane under kamp, ikkje berre eigne born
  • Oppmuntre både i medgang og motgang
  • Ikkje freiste og påverke borna under kamp
  • Respekter lagleiars bruk av spelarar
  • Ikkje kritiser dommaravgjersler
  • Lær borna å tole både siger og tap
  • Oppmuntre – ikkje press borna til å delta
  • Spør om kampen var morosam og spennande, ikkje fokuser på resultat
  • Syt for rett og fornuftig utstyr
  • Respekter det arbeidet klubben gjer
  • Det er barnet ditt som spelar fotball – ikkje du!
  • Det viktigaste er at barnet ditt trivst og har det kjekt med vener!

 

Haldningskontrakt

Alle våre spiller skal signere haldningskontrakt - trykk her for å fylle ut! 

Neste aktivitet:

19.05.2012 16:00 - 18:00
Stryn-Fbk hr.3.div.

20.05.2012 16:00 - 18:00
Åsane-Fbk 1.div.Kv.

26.05.2012 15:00 - 17:00
Seriekamp Fbk-Medkila 1.div.Kv.

26.05.2012 15:00 - 17:00
Førde-Fbk 3.div.Hr.

02.06.2012 15:00 - 17:00
Avaldsnes-Fbk 1.div.Kv.

Siste Twitter:

Ved å tilknyta FBK VOSS som din grasrotmottakar får klubben 5% av alt du spelar for hjå Norsk Tipping.

Klikk her for å lesa om korleis du tilknyter deg.

Siste innlegg på oppslagstavla:

Svar Tema
0
16.05.2012 8:49  Ungdomsfotball

0
15.05.2012 10:58  Ungdomsfotball

0
14.05.2012 20:04  Ungdomsfotball

0
14.05.2012 13:40  Ungdomsfotball

Tidsrom:   4 t   8 t   12 t   24 t