Om Klubben
| Adresse | Postboks 60 | 5701 Voss |
| Telefon | Kontor idrettshallen | 56 52 91 00 |
| Telefaks | Kontor idrettshallen | 56 52 91 09 |
| Heimeside | www.fbkvoss.no | |
| E-post | Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. | |
| Org. nummer | 983 078 532 | |
| Kontonummer | 3450 37 44254 |
Fotballklubben Voss vart skipa 26. september 1921. I dag har klubben over 600 medlemmar, fordelt på lag i dei fleste klassar i seriesystemet, med spelarar frå 6 til 60 år. Klubben legg ned eit stort arbeid innan barne- og ungdomsfotball.
Fotballaktivitetar
- Voss Cup-største fotballturneringa i landet for aldergruppa 6-12 år. Tredje helga i juni kvart år. 20-årsjubileum i 2010!
- Bend it Cup i august.
- Smalahovecup for dei godt vaksne i slutten av oktober kvart år.
Andre aktivitetar
- Utleige av Party-telt
- Driftar Utebassenget i juni og juli
- To bussar
Målsetjing
Klubben si sportslege målsetjing er å få fram best mogelege enkeltspelarar og lag, av begge kjønn. Men Fbk Voss vil også vera eit solid alternativ med meiningsfull aktivitet bygd på tryggleik, trivnad og tilhøyrsle. Med effektiv organisasjon og administrasjon tilstrebar ein høg kvalitet på trenar- og leiarnivå.



