Sportsplan
Innleiing
Denne nye sportsplanen er ikkje meint å vera ei skildring av stoda i Fbk Voss no, men heller eit uttrykk for kvar ein ynskjer å vera komen i 2015.
Sportsplanen skal vera ei orientering om klubben sine målsetjingar og visjonar, samt innehalda tankar om korleis ein skal nå desse. Styret vonar at planen skal vera til nytte i det daglege virke for alle som er engasjert i ulike verv i klubben.
Samtidig med denne planen arbeider og styret med ein eigen økonomi- og dugnadsplan.
Planane vert gjeldande i perioden 2010-2014, med høve til årleg revisjon.
Last ned heile sportsplanen som pdf-fil her.
(Klikk på kvart hovudkapittel i innhaldslista for å gå direkte til kapittelet du vil lesa).



