Prosjekt Zambia
Fotballens barneby, Livingstone
Fakta
SOS-barneby 15 familiehus for 180 barn 
SOS-barnehage for 90 barn
SOS-skule for 360 elevar
SOS-famileprogram for 900 barn og deira familiar
Nyhende
23.05.2011
Panteaksjon gav 11 665 kroner
1. mai gjennomførte klubben ein panteaksjon og fekk totalt inn 11 665 kroner.
Stor TAKK til dei som var med på innsamlinga!
05.04.2011

Nyheitsbrev vår 2011
Borna finn seg godt til rette på skulen, og alle kan no lesa og skriva engelsk, som er offisielt språk i Zambia. Barnebyen har ein eigen pedagog som følgjer med på utviklinga. Borna brukar uteområdet mykje og fotball og chiyenga (tradisjonelt spel med små steinar) er populære aktivitetar. Les meir
15.10.2010
Nyheitsbrev haust 2010
Det bur no 155 barn i barnebyen. 12 frivillige ungdommar kjem jamleg til barnebyen og organiserar ulike aktivitetar for barna. I sommar arrangerte NFF og SOS-barnebyer fotballskule for fyrste gong i Livingstone. I tillegg til praktiske øvingar, fekk dei undervisning i både trenarjobben, dømming og fotball for barn med funksjonshemningar. Les heile nyheitsbrevet her
25.08.2010
Intensjonsavtale med SOS-barnebyer
I løpet av vinteren har Fbk Voss inngått intensjonsavtale med SOS-barnebyer Norge. I korte trekk skal klubben årleg gi ein stønad på 50 000 kroner som skal gå til drift av barneskulen og barnehagen i Livingstone. For å få dette til, er me avhengige av at samtlege bidreg.
Les meir om avtalen her
24.04.2010
Vellukka panteaksjon
Måndag 2. påskedag gjennomførte Damelaget og fleire jentespelarar ein innsamlingsaksjon av tomflasker til inntekt for Fotballens barneby. Om lag to og ein halvtime med effektiv dør til dør aksjon gav totalt 14 641,05 kroner, noko me er kjempenøgde med. Me fekk mange positive tilbakemeldingar undervegs og fleire hadde flaskene klare då me kom. Les meir
14.04.2010
Nyheitsbrev vår 2010 - les heile brevet her
Haust 2009
Nyheitsbrev haust 2009 - les heile brevet her
Vår 2009
Nyheitsbrev vår 2009 - les heile brevet her
07.10.2008
Fotballens barneby i mål - les meir her
Vinter 2008
Nyheitsbrev vinter 2008 - les heile brevet her



