Superlaget

Sesongen 2011

8. juni

Trenar Ingvill:

- FBK Voss sitt Superlag slo til med to bortesigrar i går kveld! Fyrst 6-0 mot Fyllingen og 4-2 mot Askøy. Stemninga var stor og takk til alle Vossingane som tok turen for å heia!

jobb-095-600pix

30. april

Superlaget har no spela sine fyrste kampar i Hordaland Fotballkrins sin Stjerneserie.

Trenar Ingvill fortel:

- På laurdag spela me fyrst mot Fyllingen Tigers 1 på Nymarksbana, der det vart 11-2 tap. Ingemar Vethe og Sandra Soltvedt Kvitne scora måla. Deretter møtte me Fyllingen Tigers 2, der me tapte 3-0, sjølv etter storspel av keeperane våre, Maria Folloso og Anne Reidun Dahle.

- Me er det siste oppstarta laget i serien, så det vart litt forskjell på oss og laga me møtte. Men spelarane lot ikkje tapa gå inn over seg. Dei synes dette var veldig kjekt. Spesielt med nye drakter i til kampane, nye genserar med namnet sitt på – og ikkje minst Mc Donalds etter kampen gjorde dagen til ei stor oppleving.

jobb_080-400pix

Nyoppstarta hausten 2010

Fotballklubben tok i august initiativ til eit lag for psykisk utviklingshemma som me har kalla for Superlaget. Hovudtrenar er Ingvill Knapstad Bidne. I tillegg er Petter Fossmark og John Stalheim Tharaldsen med som assistentar. Laget trenar kvar tysdag kl. 14.30 på kunstgraset.

Neste aktivitet:

19.05.2012 16:00 - 18:00
Stryn-Fbk hr.3.div.

20.05.2012 16:00 - 18:00
Åsane-Fbk 1.div.Kv.

26.05.2012 15:00 - 17:00
Seriekamp Fbk-Medkila 1.div.Kv.

26.05.2012 15:00 - 17:00
Førde-Fbk 3.div.Hr.

02.06.2012 15:00 - 17:00
Avaldsnes-Fbk 1.div.Kv.

Siste Twitter:

Ved å tilknyta FBK VOSS som din grasrotmottakar får klubben 5% av alt du spelar for hjå Norsk Tipping.

Klikk her for å lesa om korleis du tilknyter deg.

Siste innlegg på oppslagstavla:

Svar Tema
0
16.05.2012 8:49  Ungdomsfotball

0
15.05.2012 10:58  Ungdomsfotball

0
14.05.2012 20:04  Ungdomsfotball

Tidsrom:   4 t   8 t   12 t   24 t