Bussane
Fbk Voss har to bussar som kan leigast ut både til laga internt og eksternt:
- 17 setars Mercedes
- 47 setars Scania
Har du spørsmål?
Epost: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Mob.: Sigfred Sivertsen - 917 49 235.
Bussplanar
| Januar 2012 | April 2012 | Juli 2012 | Oktober 2012 |
| Februar 2012 | Mai 2012 | August 2012 | November 2012 |
| Mars 2012 | Juni 2012 | September 2012 | Desember 2012 |
Bruksreglar
- Dersom leigetakar ikkje skal bruka bussen som er reservert, må Sigfred Sivertsen ha tidleg beskjed (det kan vera andre som har bussbehov).
- Skulle ein ynskje å bytta buss, t.d. minibuss i staden for stor buss, ta kontakt.
- Sjåførar skal vera godkjent av Sigfred Sivertsen (på alle bussane). Er du i tvil, ta kontakt.
- Sjåføren er pliktig til å aktivt bruka bussens infoperm. Sjekkliste skal fyllast ut før og etter køyring.
- Fartsskrivar skal brukast på alle turar. Brukte diagramskiver skal leggast i mappa. Det skal alltid stå diagramskive i fartsskrivaren, og når bussen ikkje er i bruk.
- Nøklar ligg på Statoil. Dei kan du henta der like før avreise og skal leverast tilbake så snart som mogleg etter reisa er slutt. Hugs at andre skal ha bussen etterpå.
- Drivstoff fyller me på Statoil. Det ligg kort i kvar av bussane (i mappa for fartsskrivar). Kvitteringa for dieselfylling skal leggast i mappa for fartsskrivar.
- Parkering. Bussen er parkert på Statens Vegvesen sitt område på Bømoen, må hentast der og settast tilbake der.
- Avreisestad. Ettersom Fbk Voss har inngått ein avtale med Statoil, ligg det i avtalen at avreise til bortekampar skal starta frå Statoilstasjonen. Leigetakar må sjå etter at dette blir fulgt opp.
- Reinhald. Etter bruk skal bussen ryddast. Dersom dette ikkje blir gjort skikkeleg, vil leigetakar bli fakturert med eit ryddegebyr på kr 500,- Leigetakar får da ikkje bruka bussene før gebyret er betalt



