|
20.08.2011, Sola stadion
 |
Sola - Voss 0-0 (0-0) |

|
Lagoppstilling
| |
|
|
|
|
|
Ingvild Kleivane |
|
|
|
|
|
Birte Øvsthus |
|
Iselinn T. Tønjum |
|
|
|
| |
Mari Sævig |
|
| |
|
|
|
Guro Hauge |
|
| |
(70' Johanna S. Dregelid)
!! Debutant
|
|
Reservar: Jennifer L. G. Woodward, Silje B. Ekehaug, Gyrid H. Årmot
| |
|
|
| Gule kort |
|
| Sola |
Tre |
| Voss |
Ingen |
| Tilskodarar: |
75(0!)
Takk til Tufte, Botnen, Nummedal, Rogde og Randolf! Og Risa sjølvsagt :) |
| |
|
|
|
| Dommar: |
Morgan Hobberstad, Lye IL |
|
| |
Poengdeling i Stavanger
Eit tett og jamt oppgjer endar til slutt mållaust, etter at me har hatt dei største sjansane.
Altså, ikkje noko unntak i dag heller. Som venta i grunn. Likevel sit me igjen med kjensla av at dette burde ha vore tre poeng.
Ei flott grasmatte som i timane før kampen får akkurat passeleg med regn, samt ein forhaldsvis liten bris er utgangspunktet for det me bortimot kan kalla eit lokaloppgjer i 1. divisjon. Heimelaget kjem best i gang og det verkar som om dei er hakket meir på hogget enn oss. Me er ikkje kontante nok i duellane og får difor ikkje flytta spelet over på Sola sin banehalvdel. Likevel har me kontroll bakover og slepp vertane til få sjansar. Etter kvart kjem me imidlertid meir med og får mellom anna ein gigantsjanse på corner vel midtvegs. Men ein refleksredning av dei sjeldne frå heimelaget sin keeper hindrar leiing.
Same procedure as the first half
Sola opnar best og det tek litt tid før me spelar oss inn att i kampen. Det er jamt i banespelet, men og i denne omgangen er det me som har den desidert største sjansen. Eit innlegg vert upressa avslutta like til side for mål. Defensivt har me stort sett kontroll. Dei gongene me er i ubalanse, er ikkje heimelaget presise nok. Dei avslutningane og gjennomspela som går mot mål, har Lisa god kontroll på og gir ikkje retur. Fyrst då kunne det vorte farleg.
Totalt to poeng mot Sola i årets 1. divisjon, er ikkje godt nok. Såpass ærleg må me vera.
Neste kamp, borte mot Fløya laurdag 27. august kl. 1200.
Elles, er Guro klar for livet på folkehøgskule, nærare bestemt i Numedalen. Så Simpson, her er det berre å setja i gang treninga. Hauge likar best tidlege morgonøkter..
Ekstra
- Vueltaen er i gang. Og det utan Thor. Trist. På den andre sida, har me Arvesen som syklar sitt siste store etapperitt i karriera. Ingenting hadde vore meir fortent enn ein etappesiger til Eresfjordingen i den siste veka.
- I undervassrugby VM i Helsinki har det seg slik at både kvinne- og herrelandslaget har teke gull!
- VM i orientering har ikkje gitt like god utteljing, og ’me’ sit igjen med ei sølv og ei bronse.
|