Voss-Fart, referat

13.07.2011, Prestegardsmoen gras, kvinner 1. div. 12. serierunde

Voss-Fart 0-2 (0-2)

 

Lagoppstilling

Lisa Olausen
 
Linn Tveiten
Trine E. Naustdal
Randi Himle
Laila K. Brekkhus
     
       
Sanna S. Dregelid
Ingvild Kleivane
          
 
        
Tonje Hauge
 
Mari Sævig
Iselinn T. Tønjum
 
 
(46' Guro Hauge)
 
 
                   
      
Birte Øvsthus
                              
 
(83' Ingvild Stavenes)
 

 

                                                                                   

Mål

14. min 0-1 Anette Pedersen  
40. min 0-2 Anette Pedersen  
     
Gule kort  
Voss  
Fart  

 

               

Tilskodarar:

Om lag 100

       
Dommar

Oddvar Eikenes, Trio

 

 

Fart best

Me opnar haustens fyrste heimekamp med ei nokså svak førestilling. To mål av Anette Pedersen i 1. omgang sikrar bortelaget tre poeng.

 

1. omgang

Fart er klart best i starten og styrer spelet på Prestegardsmoen mot eit tafatt heimelag. 0-1 kjem i etterkant av ein corner. Fart vinn dei viktigaste duellane og Pedersen er på rett plass til rett tid og sklir ballen over linja. Bortelaget fortset presset utan å skapa dei heilt store sjansane. Me kjempar oss etter kvart delvis inn att i kampen ved ei rekke dødballsituasjonar, og er nær utlikning på ein av dei. Mot slutten av omgangen kjem og Tonje åleine gjennom, men blir blokkert. Fem minutt før pause aukar Fart leiinga ved same Pedersen.

2. omgang

I pausen gjer me eit par byte. Guro kjem inn på topp og Birte går ut på kant, medan Mari går inn i midtbaneleddet. Dette gjev meir duellstyrke sentralt i bana og me får løfta laget noko høgare. Sjansemessig vert det ikkje det heilt store, sjølv om me skapar eit par gode situasjonar utover omgangen. Bortelaget ynskjer tydeleg å forsvara leiinga, men er mot slutten farleg frampå ved fleire høve, mellom anna eit skot i tverrliggaren.

Totalt sett tapar me fortent mot eit betre lag. Fart har jamt over bra spelarar på samtlege plassar og bør absolutt vera med å kjempa om opprykk.


Neste kamp, borte mot Sola laurdag 20. august kl. 1300.

 

Ekstra

  • Solbakken og Köln har fått ein tung start på årets Bundesliga. 0-3 heime for Wolfsburg og 5-1 tap borte mot Schalke 04.
  • Tiger har til gode å vinna ei turnering sidan hausten 2009. PGA meisterskapen i Atlanta blir og utan Woods suksess, ettersom han ikkje klarte cuten.
  • Edvald går mot ein sikker samanlagtsiger i etapperittet, Eneco Tour.
  • Premier League er i gang igjen og Liverpool opna med sterke 1-1 heime mot Sunderland.

 

 

Randi