|
23.06.2011, Prestegardsmoen kunstgras, kvinner 1. div. 9. serierunde
 |
Voss-Grand Bodø 0-0 (0-0) |

|
Lagoppstilling
| |
|
|
|
|
|
Laila Himle |
|
|
|
|
|
Ingvild Kleivane |
|
Mari Sævig |
(63' Birte Øvsthus) |
|
|
| |
Ingrid M. K. Spord |
|
| |
|
|
|
Marita Salbu |
|
| |
|
|
Mål
| |
|
|
| Gule kort |
|
| Voss |
Ingen |
| Grand Bodø |
Ingen |
| Tilskodarar: |
Om lag 150 |
| |
|
|
|
| Dommar: |
Sindre Øye Helgheim, Åsane Fotball Gutter
|
|
| Fokus on |
Mållaust heime mot Grand Bodø
For andre kamp på rad spelar me 0-0. Begge lag har sine sjansar, men det endar altså mållaust.
1. omgang
Kampen både opnar og sluttar i det duellrike hjørna. Etter litt fram og tilbake i starten, føler eg me tek meir over etter kvart. Offensivt får me nokre eventyrlege overgangar. Marita er åleine igjennom, men skotet går halvmeteren utanfor. Mari skjer inn frå kanten og blir forstyrra/hindra(?) i avslutninga. I tillegg får Ingrid ein stor sjanse, når ho vender åleine like innanfor 16-meteren etter ei flott pasning frå Ingvild. Eg ser kva du prøvar på og innsida er det riktige :) Neste gong sit den.
Dei siste fem før pause, er G/B farleg frampå ved to høve. Heldigvis går begge avslutningane til sides.
2. omgang
Etter kvilen fell tempoet litt, og det blir for det meste ein stillingskrig utan dei mange sjansane. Vår største i kampen kjem vel midtvegs i 2. omgang. Eit frispark vert stussa vidare og Laila H touchar den mot ope mål etter duell med keeper og fleire. Ballen går i stolpen. Bortelaget får ein del overgangar, men heller ikkje dei får det heilt til å stemma i siste fase. Dei har riktig nok to-tre farlege skot, kor det eine treff utsida av stolpen. Trur likevel Jennifer hadde tatt den. Ho var i vert fall på god veg. Kampen ebbar difor ut utan mål.
Kampen ber preg av at begge lag nektar å tapa duellar. Brekkhus køyrer sine obligatoriske rundingar og på sidelinja er Guro og Karina framleis like overbevisande på krykker.
Sjølvsagt er me skuffa over at det berre blir eitt poeng, men når me ikkje set sjansane før pause og ikkje klarar å vera meir nøyaktig i det offensive i 2. omgang, er uavgjort eit greitt resultat. Poenget gjer at me klatrar éin plass på tabellen.
Neste kamp, er borte mot Avaldsnes sundag 26. juni kl. 1500.
Anna
God helg!!!
|