|
03.07.2011, Prestegardsmoen kunstgras, kvinner 1. div. 11. serierunde
 |
Voss-Haugar 1-3 (1-1) |

|
Lagoppstilling
| |
|
|
|
|
|
Laila Hime |
|
|
|
|
|
Ingvild Kleivane |
|
Mari Sævig |
(77' Birte Øvsthus) |
|
|
| |
Ingrid M. K. Spord |
|
| |
|
|
|
Marita Salbu |
|
| |
|
|
Mål
| 16. min |
0-1 |
Karina Sævik |
|
| 21. min |
1-1 |
Sanna S. Dregelid |
|
| 48. min. |
1-2 |
Monica Næs |
|
| 90. min. |
1-3 |
Solfrid Andersen |
|
| Tilskodarar: |
Om lag 130 |
| |
|
|
|
| Dommar: |
Cato Systad, Frøya fotball
|
|
| Fokus on |
Dårleg dag på jobben
Me avsluttar vårsesongen med 1-3 tap heime mot Haugar. Me klarar aldri å koma opp på nivået som skal til for å vinna. Bortelaget tek leiinga i 1. omgang, men Sanna utliknar før pause. Haugar går opp til 1-2 tidleg i 2. omgang og kontrar inn 1-3 heilt på tampen.
Avslutninga på vårsesongen blir omtrent som starten. For dei som ikkje hugsar; Fart-Voss 4-1. Kampen i dag er mykje lik. Me kjem forhaldsvis tidleg under, men klarar å utlikna på dødball. Sanna skrur ein corner direkte i lengste. Resten av omgangen er det me som har initiativet og får sett eit brukbart ettertrykk frå midten og fram til 16-meteren. Derifrå og inn, manglar me det som Haugar har i dag, nemleg presisjon og vilje. Likevel er det små marginar frå at Marita er igjennom ved fleire høve. (Ein liten presisering: me utlikna ikkje i kampen mot Fart, men reduserte til 2-1 og hadde trykket i slutten av 1. omgangen).
2. omgang er ein einaste trist sorti. Me flyttar ikkje bein, får store avstandar og manglar både plan og presisjon i det offensive. Betre blir det ikkje at bortelaget tek leiinga igjen like etter pause. Eit innlegg vert heada i mål frå Monica Næs på bakerste. Haugar er nærare å auka leiinga enn kva me er å utlikna. Mot slutten flyttar me fram folk i håp om å få eitt poeng, men i staden kontrar Haugar og Solfrid Andersen (utlånt frå Trondheims-Ørn) inn 1-3 og punkterar kampen. Ho er for øvrig den største skilnaden på laga i dag og regisserar alle måla til bortelaget.
Kort oppsummering
Vårsesongen utvikla seg til å bli som så mange andre vårsesongar. Totalt sett betre prestasjonar enn poengfangst. Me tek like mange poeng borte som heime. Men eitt spørsmål ein kan stilla seg og som me må få orden på til hausten; er kvifor me heilt klart leverar dei beste kampane på bortebane..
Dette var Stine sin siste kamp for oss, ettersom ho reiser til Trondheim i august og skal spela for Kattem. Du vil for oss bli eit stort sakn både på og utanfor bana. Me ynskjer masse lukke til og gledar oss til å sjå deg i Toppserien :)
Neste kamp, er den utsette kampen borte mot Alta laurdag 6. august.
Ekstra
- Dette går ikkje an i 1. divisjon, men tydelegvis i VM..
- Djokovic tok innersvingen på Nadal i gårsdagens Wimbledon finale og vann sin 3. GS tittel. Frå og med i dag er han og ny verdseinar. Full fortent etter å ha slått Nadal i fem av fem finalar i år og vanvittige 48-1 denne sesongen! Det einaste tapet kom sjølvsagt mot Federer i Paris :)
- Thor the man, har allereie oppnådd årets målsetjing i TdF ved å sykla i den gule trøya. Ein fantastisk lagtempo i går vart etterfylgt av ein ny sterk lagprestasjon i dag. Hushovd og Dean kontrollerte spurten og gav lagkamerat Farrar dei beste forholda for etappesiger. Han leverte og heidra minne til sin avdøde besteven Wouter Weylandt etter målstreken. Rørande.
Ynskjer store og små ein riktig god sommar! Snakkast til hausten.
|