G-14 1. div. avd. 3 - 2011

 

14.06.2011, Prestegardsmoen kunstgras

Voss - Erdal
     

Voss - Erdal 2-2

Voss 1 spela 2-2 heime mot Erdal i vårsesongens siste kamp. Voss går opp i leiinga tidleg i fyrste omgang etter eit flott mål av Hans-Inge Klette. Voss fortset med å pressa utan å overbevisa spelemessig. Erdal satsar på lange ballar opp på spissane og til slutt lukkast dei. Ein lang ball som landar i mellom midtstoppar og høgrebacken vår, klarar spissen å kriga til seg. Han set den over keeperen vår og i mål. Stillinga 1-1 held seg til pause.

Me må byta ut to sentrale spelarar pga skade, dette medfører litt omrokkeringar. Erdal får det fyrste målet i 2. omgang. Kantspelaren skyt frå skrått hald ogballen går i ein boge over keeper og i mål. Voss pressar knallhardt i slutten av omgangen og me får til slutt lønn for strevet. Me får frispark på om lag 25 meter. August Sjøtun sender ballen hardt inn i feltet, der midtstoppar Jens Mæland er på rett plass og knallar den i mål. Kampen endar 2-2, eit resultat me må seia er greit etter det me har prestert dei siste kampane. Jens gjer ein kjempejobb som midtstoppar saman med Bjarte Eide. Ein noko redusert Eirik Mørkve (knekt finger) gjer ein kjempejobb på midtbanen. Hans-Inge Klette gjer det godt både offensivt og defensivt og er kanskje vår beste spelar i dag. Det er mykje positivt i laget, og mykje å jobba med. God sommar til alle som har fulgt med oss.

     
Leif-Johan Mandelid
     

 

 

07.06.2011, Liland kunstgras

Gneist - Voss
     

Gneist - Voss 8-3

Voss leia fortent 0-1 etter 7 minutt. Ei flott scoring av Torstein Kyte. Faktisk har me sjansar nok til å lage både tre og fire mål. Så skjedde det noko me aldri har sett maken til. Gneist laga fem mål på 8 minutt!! Dei trengte berre å slå ballen inn i vår 16 meter og dermed vart det mål.. I pausen vart me einige om at dette ikkje kunne forsette. Laget gjekk knallhardt ut, og Lasse Stue sette ballen i stolpen alt etter eitt minutt. Etter kraftig press frå Voss, vart Sindre Bolstad nydeleg spelt igjennom av Hans-Inge Klette som sikkert sette inn 5-2 målet. 13 min før slutt banka Simen Brekkhus inn 5-3 frå langt hold. No hadde me tru på poeng…. Men så skjedde det same som i 1. omgang. Gneist laga mål på alt, tre mål på fem minutt og dermed enda kampen 8-3. Utruleg med tanke på at Voss var klart best i 60 av 75 minutt. No blir det terping på forsvarsarbeid…

     
Leif-Johan Mandelid
     

 

 

04.06.2011, Bergheim gras

Askøy - Voss
     

Askøy - Voss 5-3

Askøy rana Voss for tre poeng, etter at dei slo Vossingane 5-3 på laurdag. Dette var kampen me skulle vinna, og alt gjekk oppskiftskriftsmessig til midt ut i 2. omgang. Då leia Voss 1-3 etter to mål av Simen Brekkhus og eitt mål av Sindre Bolstad. Den same Bolstad blei spela flott igjennom og kunne punktert kampen med å setja inn 1-4 målet. Då bestemte dommaren seg for at det fekk vera nok og dømde offside. Rett etter dette skjer det mykje rart, på nokre få minutt dømmer han to straffar til Askøy ut frå ingenting. Trenarar og spelarar frå Voss vert fullstendig overrumpla av desse hendingane, og det endar altså med eit 5-3 tap. 

     
Leif-Johan Mandelid
     

 

 

22.05.2011, Prestegardsmoen kunstgras

Fana - Voss
     

Fana - Voss 5-0

 

Voss spela ein god kamp trass tap mot eit svært godt Fanalag. Voss ville prøva å reisa seg etter heimetapet, sjølv om oppgåva ville verta vanskeleg. Fana er nok det sterkaste laget i denne avdelinga. 1. omgang vart svært jamnspela og sjølv om Fana var eit teknisk betre lag, kjempa Vossaspelarane godt. Fana scora to mål på corner, og leia derfor 2-0 til pause. 

2. omgang starta godt og det var mykje godt spel frå begge lag. Voss måtte pressa på for å få mål, noko som endte med at Fana kontra ein eit flott mål. Etter det gjekk lufta litt ut av Vossaspelarane og Fana klarte å scora to mål til før dommaren blas i fløyta for full tid. Det enda med eit 5-0 tap. Spelemessig er me godt nøygde med kampen, men me er sjølvsagt ikkje fornøygd med å sleppa inn 5 mål.

     
Leif-Johan Mandelid
     

 

 

03.05.2011, Prestegardsmoen kunstgras
Voss - Loddefjord
     

Voss - Loddefjord 1-7

Voss fekk ein 1. omgang dei helst vil gløyma så snart råd er. Loddefjord køyrde over oss og det sto 1-6 når omgangen var over. Målscorar til Voss var Hans-Inge Klette. Noko av årsaka kom av ein del rokkeringar på laget grunna sjukdom, og at Eirik Mørkve stod over denne kampen. Etter å ha fått snakka godt med spelarane i pausen og omorganisert oss, fekk me snudd spelet litt meir i til vår fordel. Gutta jobba knallhardt. Sjølv om me måtte sjå ein ball til i mål, var me langt meir nøgd med denne omgangen. 1-7 tap for eit effektivt Loddefjord lag er me ikkje fornøgd med, men at gutta klarte å heva seg i 2.omgang gjorde godt.

     
Leif-Johan Mandelid
     

 

 

26.04.2011, Ågotnes kunstgras

Nordre Fjell - Voss

     
     

Nordre Fjell - Voss 2-6

Smågutar G14 spela tysdag bortekamp på Sotra mot Nordre Fjell. Voss vann 2-6 etter å ha domminert store delar av kampen. Nordre Fjell skal takka ein svært god kretskeeper for at sigeren ikkje vart større. Det var Sindre Bolstad som scora det fyrste målet etter eit sterkt press frå Vossingane, han banka ballen inn ved fyrste stolpe. Nordre fjell kom tilbake og utlikna til 1-1 om lag midt i fyrste omgang. 10 minutt før slutt fekk Voss frispark utanfor 16-meteren. Bjarte Eide la eit perfekt frispark til Eirik Mørkve som sette den inn i mål med hovudet. Rett før pause storma Lasse Stue inn framføre mål og sette inn 1-3 målet som og vart pauseresultatet.

2. omgang starta med eit tidleg mål av Hans-Inge Klette. Voss pressa på heile omgangen og eit tidleg kast enda hjå Bjarte Eide inne i 16-meteren. Bjarte vart fellt av ein forsvarar og dommaren peika på straffemerket. Straffen sette Eirik Mørkve knallhardt i mål. Kampen bølga litt fram og tilbake, og Nordre Fjell utnytta eit ubesluttsomt Vossaforsvar til å redusera til 2-5. Før slutt pressa Vossingane på, ballen blei slått inn framføre mål og ein uheldig Nordre Fjell forsvarar sette den i mål forbi eigen keeper. Kampen enda dermed 2-6. Ein kollekltiv siger, der midbanen med Simen Brekkhus, Eirik Mørkve og August Sjøtun til tider viste klassespel.

Målscorarane: Sindre Bolstad, Lasse Stue,

Eirik Mørkve og Hans-Inge Klette

     
Leif-Johan Mandelid

 

 

11.04.2011, Prestegardsmoen kunstgras

Voss - Løv-Ham

 

 

 

Voss - Løv-Ham 3-2

Voss sine smågutar opna i dag serien med heimekamp mot Løv-Ham (det same laget som slo oss ut av Varegg cup). Det enda med heimesiger 3-2, etter eitt mål av Lasse Stue og to mål av Hans-Inge Klette. Det var ein jamn og spennande kamp der Løvane fekk det fyrste målet. Lasse Stue utlikna for Voss etter innlegg frå Sindre Bolstad. Voss gjekk så opp i leiinga til 2-1 etter eit flott mål av Hans-Inge Klette.

2. omgang blei jamn og spennande, men det var Voss som fekk det fyrste målet. Flott gjennomspeling av August Sjøtun til Hans-Inge Klette som putta enkelt til 3-1. Løv-Ham pressa hardt på slutten og resduserte til 3-2 som og vart sluttresultatet. Dette var ein skikkeleg lagsiger til Vossingane.

 

    Lasse & Hans-Inge

 
Leif-Johan Mandelid