Voss Cup 2009

12. juni, G12

Loddefjord Hvit - Voss Blå

Klikk på bileta for å få større versjon

   

Voss Blå G12 klare til kamp

Før kampstart nytta leiar for barnefotballen i Fbk Voss, Marian Godøe, høvet til å gje kaptein Bjarte ei hyggjeleg oppmuntring etter at han sist veke var så uheldig å verte påkøyrd av bil. Til all lukke gjekk det bra med Bjarte som alltid syklar med hjelm!

Godøe hadde med seg ny hjelm frå klubben til Bjarte, likeeins to billettar til Brann-kamp (gjevne av Brann og HFK) samt gratis bading i utebassenget til heile laget med støtteapparat!

Kampen i gang - og kapteinen viser veg

Ingen kjære mor på Voss Cup!

Voss Blå i angrep...

... men Loddefjord Hvit tok likevel føringa

Flott volleyskot - like over

Mange flotte keeper-prestasjonar i kampen

Halding i trøya godtok ikkje ein myndig og god dommar

Nytt flott skotforsøk - denne gong i nettveggen

Vosseraid på høgrekanten

Skot frå "dødlinja" som keeper ordna opp med

Pauseprat etter ein god fyrsteomgang

Trenar Hallvard med gode instruksar i pausen

Nesten...

Igjen vinn Loddefjordkeeperen ballen

Loddefjordangrep mot slutten

God klarering i Loddefjordforsvaret

Fair play helsing etter ein triveleg kamp i god fair play-ånd

To førnøgde Loddefjord-spelarar

 

Korleis det gjekk?

Loddefjord Hvit vann fyrsteomgang 3-0, medan Voss Blå vann andre 1-0. So då vart det vel uavgjort?