Dagens kampar i Hordaland

Fbk Voss 11'ar-lag

Dagens kampar i norsk toppfotball

Fbk Voss Bussar


1. div. Kv.    3. div. Kv.   -   3. div. Hr.   -   G19   -   Kampoppsett Mini


27.08.2011

Ny heimeside for klubben

Det har i lengre tid vore jobba med ny heimeside. Den vil bli teken i bruk komande veke, noko som kan medføra at den noverande sida ikkje blir tilgjengeleg i periodar. Dei som skal ha brukartilgang til oppslagstavla, må senda ein e-post for nye brukardetaljar.

Randi


27.08.2011, Kv. 1. div.

Fekk det tøft i Tromsø

Etter 0-0 til pause, vart presset for stort i 2. omgang og det stod heile 5-0 til heimelaget ved full tid. Fløya er per no på tabelltopp. Les meir


23.08.2011, Hr. 3. div.

Myrkaskog klar for Fbk Voss

Øystein Myrkaskog (22) vil til helga signera kontrakt med klubben. Spissen kjem frå 4. divisjonsklubben, Vik og har så langt i år scora over 20 seriemål. Han er venta å vera klar for spel, når Voss tek i mot Florø, 3. september. (Bilete frå Vik si heimeside).

Me ynskjer Øystein hjarteleg velkomen!


22.08.2011, G19

G19 med god start på hausten

Juniorherrane opna haustsesongen med 2-4 siger borte mot Follese på sundag. Kristoffer, Ole, Joakim og Malvin stod for måla.


22.08.2011

Har du ledig hybel?

A-lagsspelar Ole Martin Aga er nett byrja på idrettslinja på gymnaset, og treng ein liten hybel på Voss. Skulle du ha ein hybel til utleige, er det fint om du kontaktar Einar i Fbk Voss, tlf. 56 52 91 02 / 97 67 45 36 el. Ole Martin direkte på tlf. 46 42 45 64.


20.08.2011, Hr. 3. div.

Overlegne mot Åsane 2

Etter to strake tap, leverte Voss ein strålande 1. omgang heime mot botnlaget og leia 6-0 til pause. Måla vart scora av Ronny, Kim, Thomas (str.), sjølvmål, Anders og Eirik. I 2. omgang fastsette Magne resultatet til 7-0.


20.08.2011, Kv. 1. div.

Poengdeling i Stavanger

Eit tett og jamt oppgjer endar til slutt mållaust, kor det er me som har dei største sjansane. Les meir


19.08.2011, J16, 1. div.

Opna haustsesongen med storsiger

Jenter 16 opna haustsesongen med 5-1 siger mot Fyllingen i Skulestadmoen. Måla vart scora av: Maiken, Mari, Johanna, Rajfa og eitt sjølvmål.


14.08.2011, Hr. 3. div.

Tap borte mot Saga

Herrane tapte i dag bortekampen mot Saga 3-2 på Førde stadion. Olav gav Voss leiinga etter 11 minutt. Heimelaget utlikna midtvegs i 1. omgang og gjekk opp til 2-1 i det 34. minutt. Gaute utlikna så for bortelaget etter 40 minutts spel. Espeland vart matchvinnar for Saga med si 3-2 scoring like etter pause.


13.08.2011, Kv. 1. div.

Fart best

Me opnar haustens fyrste heimekamp med ei nokså svak førestilling. To mål av Anette Pedersen i  1. omgang sikrar bortelaget tre poeng.

Les meir


09.08.2011, Hr. 3. div.

Tapte toppkampen

Voss tapte i kveld toppkampen mot Fana 1-3 og ligg no saman med Arna-Bjørnar og Tertnes fem poeng bak. Heimelaget tok imidlertid leiinga ved kaptein, Gaute etter 20 minutt. Vel halvtimen vert Voss redusert til 10, då Ronny får direkte raudt. Fana snur kampen med to mål på eitt minutt kvarteret før slutt. 1-3 kjem på straffe like før full tid.


07.08.2011, Kv. 1. div..

Alta IF-Voss 0-1

Me tok ein svært viktig bortesiger i Finnmarkshallen i dag. Birte scora kampens einaste mål allereie i det 6. speleminutt. Les meir


30.07.2011, Toppserien

Stine debuterte i Toppserien

I dagens Toppserierunde, debuterte Stine for sin nye klubb, Kattem. Ho spela frå start som midtstoppar borte mot Linderud/Grei. Kampen enda 2-2 og Stine var delaktig i begge måla. Fyrst slo ho pasninga som førte til hands og straffe, før ho sjølv heada Kattem i leiinga 0-2. Men - L/G kom altså tilbake to gonger slik at det vart poengdeling.


30.07.2011, Dana Cup

Dana CUP 2011

Fem av sju Vossalag til A-sluttspel i Hjørring. Jenter 14 avslutta årets cup med å vinna dagens B-finale mot Lerums IS frå Sverige 1-0. Øvrige resultat finn du her


07.07.2011, Hr. 3. div.

Avslutta vårsesongen med stil

Herrane møtte i kveld Fjøra borte og kunne reisa heim att med 0-5 siger og tre viktige poeng i toppen av tabellen. Sondre, Kristian, Maid, Håkon og Kim teikna seg alle på scoringslista. Voss tek no ferie på 2. plass to poeng bak serieleiar Fana.

* Klubben ynskjer Maid god tur og lukke til i Statane!


03.07.2011, Kv. 1. div.

Dårleg dag på jobben

Me avsluttar vårsesongen med 1-3 tap heime mot Haugar. Me klarar aldri å koma opp på nivået som skal til for å vinna. Bortelaget tek leiinga i 1. omgang, men Sanna utliknar før pause. Haugar går opp til 1-2 tidleg i 2. omgang og kontrar inn 1-3 heilt på tampen.

Les meir


02.07.2011, Hr. 3. div.

Tap i Årdal

Herrane tapte dagens bortekamp i Årdal 2-1. Voss tok leiinga ved Kim etter 28 minutt, men Preben Strypet netta to gonger for heimelaget etter pause. Sigersmålet kom på straffe. Det betyr at Voss no ligg på 3. plass på tabellen to poeng etter Fana og Tertnes.


26.06.2011, Hr. 3. div. og Kv. 1. div.

To x 1-1 for seniorlaga

Herrane spela i ettermiddag 1-1 heime mot Eid. Innbytar Ole Martin utlikna på overtid etter at bortelaget tok leiinga vel ti minutt før slutt. Damelaget kom tidleg under borte mot Avaldsnes, men i ein god 2. omgang utlikna Randi i det 61. minutt.

Avaldsnes-Voss


23.06.2011, Kv. 1. div.

Mållaust heime mot Grand Bodø

For andre kamp på rad spelar me 0-0. Begge lag har sine sjansar, men det endar altså mållaust. Les meir


20.06.2011, Voss Cup

"Dra te' Voss for et arrangement!"

Flott omtale av Voss Cup i gårsdagens debatt i BA. Sjå innlegget her


15.06.2011, G14 1. div.

2-2 i siste vårkamp

Voss 1 avslutta vårsesongen med å spela uavgjort 2-2 heime mot Erdal i går kveld.

Les meir


10.06.2011, G14 2. div.

Vann heime mot Eldar

Gutane reiste seg etter tapet mot Harding 2 tidlegare i veka, og avslutta vårsesongen med 3-0 heime mot Eldar. Les meir


Gamle oppslag ?

Noko er å finne i arkivet. Arkiv for 2011 ligg under arkivet for 2010.

Kampreferat aldersbestemt ligg på det enkelte lag si side.

Kampreferat senior finn ein øvst på framsida, nedafor kamp- og treningsoversikt.