[email protected]


Logo
Bli medlem
Bestille buss

Dugnadsfest 2025

Forfatter: Knut-Erik Sivertsen

07. august 2025

Forside
News article image

STOLTE VOSSINGAR

De har vel fått med dykk at me inviterer til gratis dugnadsfest laurdag 23. august i Meieriet?!

Festen er for alle som bidrar på ein eller annen måte i FBK Voss. Du som er trenar eller lagleiar, du som jobbar dugnad under Voss Cup, du som køyrer buss, du som står i kiosken på seriekampar, du som har ungar i klubben og stiller opp som heiagjeng, du som er kampvert, du som dømmer, du som stiller på dugnad på anlegget, du som er speaker, du som sit i ein komite eller eit utval, du som har jobba dugnad for lenge sidan, du som steiker vaffel…lista er lang. Alle som gjer sitt, stort eller smått, til at FBK Voss er ein god klubb å vera ein del av, hjarteleg velkomne!

Me startar klokka 19.00, det vert DJ, bar, mulighet for å kjøpa enkel grillmat m.m.

Bli med på festen! Meld deg på her: Gratis dugnadsfest for alle som bidrar til FBK Voss. 23.08.2025 frå kl.19:00 på Meieriet.

Påmeldingsfrist 15.august. Aldersgrensa 18 år.