[email protected]


Logo
Bli medlem
FFO

Fotballfritidsordning (FFO)

TelenorXtra – FBK Voss Fotballfritidsordning (FFO)

Telenor Xtra FFO er eit landsomfattande samarbeid mellom Norges Fotballforbund og Telenor der ein ynskjer å gje born eit fotballtilbod og aktivitetstilbod etter skuletid. Hovudmålet er å utvikle rørsleglede og gode vanar.

FBK Voss er ansvarleg for å gjennomføra denne ordninga på Voss. Me er veldig glad for å ha dette tilbodet til borna, eitt tilbod med fokus på fysisk aktivitet, men òg på fair play, trening av sosiale eigenskapar og kosthald.

FBK Voss har 2 ulike FFO-tilbod som breier seg over 4 dagar i veka – FFO+ måndagar og FFO tysdag, onsdag (med atterhald om nok påmeldte) og torsdag, meir informasjon under.

Custom image

PÅMELDING TIL TelenorXtra – FBK Voss Fotballfritidsordning (FFO) 2026/27 ER OPNA - SJÅ INFORMASJON OM TILBODET UNDER

Me har no opna påmelding for skuleåret 2026/27, nytt link under for å melde på ditt born!

 

Påmelding FFO og FFO+ 2026/27

 

Oppstart haust 2026: Mandag 17.august - Opningstid: kl. 13.30 til 16.15, kjernetid frå kl. 14.30-16.00.

Alle deltakarane får:

  • Motiverte og engasjerte instruktørar som ynskjer å skapa stor aktivitet med god kvalitet på kvar økt! Og ikkje minst bidra til at borna har lyst å gjera sitt beste, får meistringskjensle og blir sett!
  • Treningsdress, shorts og T-skjorte frå Telenor Xtra (eigenandel 125,- kr.)
  • Fasilitetar og utstyr til aktiviteten
  • Lukka Spondgruppe med informasjon om all aktivitet
  • Syskenrabatt på 20% av avgifta på sysken nr. 2. Ved ulikt tal dagar eller ulik sum avgift mellom sysken, vert rabatten give på den lågaste avgifta.
  • 50% RABATT på ein av fotballskulane til FBK Voss. NB! Eiga påmelding for desse tiltaka - informasjon kjem fortløpande på nettsider/facebook.

Aktivitetstilbod

FFO+ 5-7 trinn måndag – tilbod til alle borneskulane på Voss

  • Eit fotballspesifikt aktivitetstilbod, med fokus på utvikling av eigenskapar direkte knytt til fotballspelaren. Temabaserte økter som gjev utvikling, læring og meistring, og som tek utgangpunkt i NFF sine skuleringsplanar.
  • Sunt og godt mellommåltid (Til dømes smoothie, nøtter, frukt og grønsaker)

FFO. 3-5 trinn tysdag, onsdag (med atterhald om nok påmeldte) og torsdag – tilbod til Gjernes, Gullfjordungen og Vangen skule

  • Eit generelt aktivitetstilbod med fokus på allsidigheit og meistring i eit variert utviklingsmiljø.
  • Fokus på ferdigheitsutvikling og rørsleglede gjennom allsidig leikprega aktivitet
  • Transport frå skule til FFO i vintersesong
  • Måltid med variert og sunn meny
  • Moglegheit til å gjera lekser

Rutinar

FFO+ (Måndagar)FFO (Tysdag, Onsdag, Torsdag)
For kvenElevar i 5. - 7. klasse ved alle barneskular i Voss Herad.3. -5. klasse ved Gjernes, Vangen og Gullfjordungen
TransportElevane må sjølve komme seg til Voss Idrettshall.Instruktørar ved FFO hentar elevane på deira respektive skula fyrste gongen, ellers kjem dei seg ned på eiga hand ved å gå eller sykle vår/haust. Om vinteren er det transport med minibuss frå Gjernes og Gullfjordungen.
Oppmøte/hentingMellom 13:30 og 14:45 møter elevane i Idrettshallen. Alle vert registrert.Mellom 13:30 og 14:00 vert elevane henta ved skulane, eller dei kjem seg til Idrettshallen på eiga hand. Alle vert registrert
Del 1Frå 13:45 til 14:45 får ein servert frukt og grønt, og ein kan gjere lekser dersom ein ynskjer det.Frå 13:30 til 14:45 vert det servert mat. Variert og sunn meny. Dei som er tidleg ferdig kan spele spel, gjere lekser eller slappe av før aktivitet
Del 2Frå 14:45 til 16:00 er det fotballtrening. Vår, sommar og haust held ein til ute på kunstgraset, men idrettshallen vert nytta vinterstid om behov.Frå 14:45 til 15:55 er det aktivitet. Ein vektlegg at denne skal vera allsidig og tilpassa årstidene. Borna er med og bidreg med rydding av utstyr.
Del 3Frå 16:00 - Oppsummering av økta og rydding av utstyr. Borna tek seg heim på eiga hand, eller vert henta.Frå 16:00 til 16:15 Borna går/sykler heim, eller vert henta.
Dag slutt16:1516:15

NB!

FFO+ er eit tilbod til alle elevar i 5.-7. klasse i Voss herad.

FFO er tysdag, onsdag (med atterhald om nok påmeldte) og torsdag og eit tilbod til elevar i 3.- 5. klasse ved Gjernes, Gullfjordungen og Vangen Skule.

Prisar 2025/26:

FFO+:

1 dag: 839,- per månad

FFO:

1 dag: 939,- per månad
2 dagar: 1569,- per månad
3 dagar: 1895,- per månad
4.dagar: 2200,- per månad

Kombinerer ein FFO+ med ein eller fleire dagar på FFO gjeld prisane for FFO.

Kontakt og spørsmål

Alle spørsmål i høve påmelding og informasjon kan rettast til:

Leiar ved FFO
Sjur Skeie Petersen
E-post: [email protected]

Våre Sponsorer
  • Sponsor logo #1
  • Sponsor logo #2
  • Sponsor logo #3
  • Sponsor logo #4
  • Sponsor logo #5
  • Sponsor logo #6
  • Sponsor logo #7
  • Sponsor logo #8
  • Sponsor logo #9
  • Sponsor logo #10
  • Sponsor logo #11
  • Sponsor logo #12
  • Sponsor logo #13
  • Sponsor logo #14
  • Sponsor logo #15
  • Sponsor logo #16
  • Sponsor logo #17
  • Sponsor logo #18
  • Sponsor logo #19
  • Sponsor logo #20
  • Sponsor logo #21