Om klubben
Besøksadresse | Idrottsvegen 18, 5700 Voss |
Postadresse | Postboks 60, 5701 Voss |
Org.nummer | 983 078 532 |
Kontonummer | 3450 37 44254 |
Fotballklubben Voss vart skipa 26. sptember 1921. I dag har klubben over 700 medlemmar, fordelt på lag i dei fleste klassar i seriesystemet, med spelarar frå 6 til 60 år. Klubben legg ned eit stort arbeid innan barne- og ungdomsfotballen
Klubben si målsetjing er å tilby meningsfull aktivitet bygd på tryggleik, trivnad og tilhøyring. Ein ynskjer å gje eit tilpassa tilbod til gutar og jenter opp til 19-års alderen. På seniornivå vil ein ha resultatlag som baserer seg på lokal identitet og den spelarutviklinga som skjer i aldersbestemte klassar. Med ein effektiv organisasjon og administrasjon tilstrebar ein høg kvalitet på trenar- og lagleiarnivå.
Voss Cup er den største fotballturnerninga i landet for aldersgruppa 6 - 12 år og vert arrangert tredje helga i juni kvart år. Heimesida til Voss Cup finn du her.
Smalahovecupen vart arrangert i slutten av oktober kvart år, og er ei turnering for dei godt vaksne. Gå inn her for meir informasjon.
Fotballfritidsordning (FFO) er eit etter skulen tilbod til elevar i barneskulen. Gå inn her for meir informasjon om tilbodet.
Kontaktinformasjon til administrasjonen finn du her