[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Informasjons- og dialogmøte

Forfatter: Kjersti Bakketun

26. oktober 2026

Forside
News article image

Til medlemmene i FBK Voss

Styret i FBK Voss inviterer alle medlemmer til informasjons- og dialogmøte om planane for ein aktivitetshall på Voss.

Tid: Torsdag 29. oktober 2026, kl. 18.00

Stad: Idrettshuset

På årsmøtet i 2026 fekk styret mandat til å gjennomføra eit forprosjekt knytt til mogleg etablering av aktivitetshall. Arbeidet har no kome så langt at styret ønskjer å presentera status, vurderingar og vidare prosess før saka vert lagt fram for handsaming på ekstraordinært årsmøte.

På møtet vil de få informasjon om:

- bakgrunnen for prosjektet

- gjennomført forprosjekt

- forslag til plassering og utforming

- reguleringsprosessen

- moglege konsekvensar for anlegget

- vidare framdrift

Det vert høve til å stilla spørsmål og koma med innspel til planane.

Møtet er eit informasjons- og dialogmøte. Det skal ikkje gjerast noko vedtak.

Vel møtt!

Med helsing

Styret i FBK Voss

Egil Nidarson Selvåg

Styreleiar