Smalahovecupen vel overstått
Forfatter: Kjersti Bakketun
07. november 2025
Smalahovecupen vel overstått
Laurdag 1.november arrangerte me årets Smalahovecup. Uhøgtidleg fotballturnering for voksne har aldri vore meir populært, og i år hadde me med oss heile 66 lag. Mykje underhaldande fotball og god stemning heile dagen prega idrettsplassen. Laga var fordelt på 7 klassar, og det vart gjennomført både gruppespel og sluttspel. Slik enda finalane i dei ulike klassane:
Klasse A: De uønskede - Rosendal 2-1
Klasse B: Meling Kjerringane - Nordavind og Stiv Kuling 2-1
Klasse C: Brann - Sotra 6-4
Klasse D: Sædalen IL - Rubb veteran 8-3
Klasse E: Salar Spesial - Best i test 4-0
Klasse D: Fana - Fitjar 6-3
Klasse G: Voss Fiber - Equinor 5-3
Dagen vart avslutta med ein strålande bankett på Park hotell med nydeleg mat frå Smalahovetunet, premieutdeling, live musikk og mykje moro ut i dei seine nattetimar.
Tusen takk til alle som deltok, og alle som jobba dugnad! Velkomne attende til Smalahovecup 31.oktober 2026 (Halloween edition...?).