Forsikring
Ope klubbhus og eigentrening
Forfatter: Sjur Skeie Petersen
03. juli 2026
Fotball
Ope klubbhus og eigentrening
Ynskjer du å spele fotball i sommarferien? Frå mandag 3.august til fredag 7.august vil me ha ope klubbhus og tilgang på fotballutstyr for alle som ynskjer å spele fotball. Det er ikkje krav om påmelding, og det vert ikkje organisert aktivitet, berre rein fotballglede!
Alexander, Ridwan og Tedros kjem til å vera tilstades på området og legg til rette for kjekk fotballaktivitet heile veka!
FBK Voss stiller med ballar, kjegler, vestar og anna treningsutstyr.
Her kan du kome og øve på avslutningar, finter og pasningar, eller berre spele løkkefotball saman med andre born og ungdommar.
Praktisk info:
- Veke 32 (3.-7. august)
- Kl 10.00 - 15.00
- Olabanen og Kiwibanen
- Ope klubbhus med toalett og kiosk. Det er også mogleg å ete medbrakt niste eller berre ta ein pause.
- Ingen påmelding - berre møt opp!
Ta med fotballsko, drikkeflaske og godt humør!
Me sjåast på banen :)