Nominer din kandidat til årets eldsjel
Forfatter: Kjersti Bakketun
13. januar 2026
Årets eldsjel
FBK Voss ynskjer nominasjonar på kandidater til årets eldsjel til Årsmøte 19. Mars 2026.
Nominasjon kan sendast til dagleg leiar, Hallgeir Finbråten ([email protected]), innan 10. Mars 2026.
Det vert lagt ned mykje dugnadsarbeid kvart år for klubben vår, og det er mange som hadde
fortent ein ekstra klapp på skuldra for all innsats og tid dei legg ned.
Eldsjelprisen vert vert delt ut på årsmøtet.
Årets eldsjel har gjort ein ekstraordinær innsats for klubben over tid, og har utan
eigeninteresse gjort eit solid, frivillig arbeid i klubben utover det ein kan forventa. Personen
har til ei kvar tid lagt klubbens visjon, mål og verdiar til grunn i sitt arbeid. Vedkommande
kan ikkje vera tilsett i klubben.