Forsikring
17.mai arrangement på Vangen
Forfatter: Knut-Erik
21. januar 2026
Forside
17.mai arrangement på Vangen
Frå og med 2026 vert det eit felles ansvar mellom idrettslaga IL Ørnar, IL Viljar, Voss IL og Fotballklubben Voss for gjennomføringa av 17. mai-arrangementet på Vangen.
Alle idrettslaga stiller med representanter til dei ulike komitene og dugnadsfolk på sjølve dagen kvart år. Korleis kvart lag fordeler ansvaret internt er opp til dei.
Med denne løysinga håpar me å sikra ei jamnare fordeling av inntektene til idrettslaga og total belastninga på kvart enkelt lag vert mindre.
Hos FBK Voss blir det gutar og jenter 16år (f.2010) som skal ha denne dugnaden i 2026. I 2027 blir det 2011 kullet, 2028 blir det 2012 kullet osv.. Overskuddet går direkte til årskullet som arrangerer.