[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

God jol frå FBK Voss

Forfatter: Kjersti Bakketun

22. desember 2025

Forside
News article image

Med ynskje om ei god jol og eit fredeleg nytt år

Utan å fornærma nokon, men sidan me går mot jol, tillet me oss å sitera Pave Johannes Paul II - "Av alle uviktige ting i verda, er fotball det viktigaste". Eit etterkvart loslitt uttrykk, men fortsatt like aktuelt. For me reddar ikkje akkurat liv på feltet ein regntung tysdag i november. Men kanskje me er med på å gje meining til eit liv.

Fotball er kanskje fyrst og fremst kjensler. Og gleda over sigeren til jenter 11 kan vera like stor som gleda over VM-plass til Noreg. Skuffelsen over tap kan svi like mykje for Andres på 9 år, som for Haaland. Det er alle desse kjenslene og engasjementet som gjer fotballen meiningsfull. Og viss me i tillegg puttar inn samhald, meistring og inkludering i potten, ja, så er fotballen faktisk ganske viktig likavel.

Her på huset jobbar me for å gje alle som ynskjer det eit godt fotball-tilbod. Av og til lukkast me med det me driv med. Andre gonger blir det stong ut, og vel så det. Me prøver å ta lærdom av feil, og ynskjer stadig å verta betre. Hovudfokuset vårt vil alltid vera å skapa god aktivitet for born og unge, og prøva å halda dei i idretten til dei er forbi ung og lovande, og kanskje heilt til dei er blitt verdas eldste keeper.

2025 har vore eit år med masse gledeleg aktivitet i FBK Voss. Under kan du lesa meir om noko av det me har drive med i klubben dette året. Me nyttar høvet til å takka alle trenarar, lagleiarar, føresette, spelarar og andre frivillige som stiller opp på dugnad, og gjer all denne aktiviteten mogleg. De gjer ein enorm jobb med alt frå gjennomføring av trening, til servering på Smalahovebanketten, til vask av garasjen, til køyring på bortekamp og mykje, mykje meir. Tusen takk for at de held klubben i gang! Me ynskjer alle ei fin jolehøgtid, og vit at me som jobbar i administrasjonen set stor pris på alle medlemmane i klubben. 

Jolahelsing frå Hallgeir, Magne, Sebastian, Knut-Erik, Sjur og Kjersti 

Custom image

Superlaget

Superlaget har hatt ein god sesong med masse aktivitet. Treningar, serieturneringar, opningskamp på Voss Cup der dei spelte mot Voss Allstars og mykje meir. Biletet over er frå landsturneringa i Bergen i haust. Der fekk dei bryna seg på tøffe motstandarar som Rosenborg, Viking og Molde. Superlaget viser enorm fotballgleda, og har utruleg god FairPlay-moral, som mange kan læra noko av. Og banketten på landsturneringa, den vann dei! 

Custom image

Barnefotball

FBK Voss har i år hatt heile 33 lag påmeldt i ulike klassar i barnefotballen (7-13 år). Det er eit yrande liv på feltet når barnelaga har treningar og kampar, og ikkje minst så er det frykteleg god stemning. I løpet av sesongen har det mellom anna vorte arrangert barnefotballdag, jentefotballdag, og på seinsommaren hadde me gratis fotballskule for 80 born frå heile bygda. Flinke ungdommar frå klubben gjorde ein glimrande jobb som instruktørar desse dagane.

På FBK Voss si fotballfritidsordning er det full rulle rett etter skulen kvar måndag-torsdag. Eit tilbod som nærmare 100 born nyttar seg av. Det gler oss stort at det gror så godt i barnefotballen, og endå har me plass til mange fleire unge fotballspelarar. 

Custom image

Ungdomsfotball

I årets sesong har FBK Voss hatt 16 lag i sving i ungdomsfotballen. På biletet over ser me alle spelarane som utgjorde 11 lag på Dana Cup i sommar. Ein fantastisk tur, og forhåpentlegvis minner for livet for alle som var med. 

Fleire av ungdomslaga har gjort seg godt bemerka denne sesongen, og me kan nemna at J19 vart krinsmeistrar, og G13 vann sin serie i 2.divisjon. Ungdommane våre er dessutan ein stor dugnadsressurs gjennom heile året, og særleg under Voss Cup er dei ei berande kraft for arrangementet. Sesongen vart høgtideleg feira på ungdomsfesten i november. 

Custom image

Seniorfotball

Damelaget har kanskje aldri hatt lågare snittalder, men det betyr ingenting. Desse damene sikra andreplass i serien og dermed opprykk til 3.divisjon. Her er det berre å gle seg til sesongstart våren 2026.

Tidleg i vårsesongen valgte me å trekka Herre 1 frå 4.divisjon. Dette vart det naturleg nok ein del merksemd rundt, men etter vår vurdering den mest fornuftige løysinga for alle partar. Likevel har det verkeleg svinga av herrefotballen i klubben denne sesongen. Herre 3 har storspelt i 7.divisjon, og rykka opp i 6.divisjon. I 2026 prøver me til igjen med to lag, og stiller då både i 5. og 6.divisjon. Mykje god herrefotball i vente med andre ord.  

Custom image

Arrangement

Ved hjelp av fantastisk god dugnadsinnsats frå våre medlemmar og andre frivillige får me gjennomført mange store arrangement i løpet av året. Voss Cup (740 lag) og Smalahovcupen (64 lag) hausta mange gode tilbakemeldingar i år, og me deler skryt og æra med alle som stiller på dugnad. I år vart det også lagt ned ein stor dugnadsinnsats i samband med 17.mai. Hjarteleg takk for alt det gode arbeidet de gjer!

I haust har me også hatt tysdagsope i idrettshuset på kveldstid. Ein stad å koma inn, slappa av litt, skifta til treningskle, ta seg ein kaffikopp og ikkje minst få gått på do. Eit vellukka tiltak, som me håpar å vidareføre. 

I april gjorde me om kafeen i idrottshuset til studio, og spelte inn FBK Voss låta "Alt for Voss". Me avsluttar årets jolabrev med eit bilete av det flotte barnekoret vårt i lag med Jakob Sjøtun og Oda Almeland (Taus) som har skrive og produserte songen. Eit prosjekt noko utanom det vanlege, som me er ganske stolte av. 

Takk for innhaldsrike 12 månadar, og godt nytt fotballår i vente!

Custom image