Heider og ære på ungdomsfesten
Forfatter: Kjersti Bakketun
28. november 2025
Heider og ære på ungdomsfesten
I går var alle spelarar og støtteapparat frå ungdomsfotballen i FBK Voss samla til ungdomsfest i Vossasalen. Her var det stor stemning og feiring av årets sesong med festpynta ungdommar. Alle gode prestasjonar vart høgtideleg markert. Kretsmestarar, vinnarar av serien og nyutdanna dommarar fekk si fortente merksemd.
Ola-prisen 2025 gjekk til Selma Vetaas Sjøtun. Under fylgjer grunngjeving for tildelinga:
Med stor trenings- og læringsvilje har årets Ola-prisvinnar tråkka sine «fotballsko» i FBK Voss frå fyrste klasse fram til i dag. Tidleg la ein merke til spelaren med dei spanande eigenskapane på fotballbana, eigenskapar som etter kvart utvikla seg til x-faktorar mange kunne misunna.
Basisferdighetane har danna grunnlaget for ein unik ro med ballen, og i kombinasjon med høg fart, klokskap og forståing for spelet kan vedkomande fylla dei fleste roller på bana. Å vera sjef i forsvar har vore like naturleg som å score drøssevis med mål i angrep.
Kretslagsdebuten kom som 13 åring, og etter dette har spelaren raskt teke steg og utvikla seg individuelt og saman med laget. Pokalar har dei henta heim frå cupar og medaljar frå seriespel.
Vinnaren er ikkje berre eit førebilete for andre spelarar når det gjeld eigenskapar på bana, vedkomande har òg veldig gode haldningar, representerer gode verdiar og er eit særs godt førebilete som menneske.
Det å stille opp på dugnadar, bidra som trenar og på tiltak med yngre spelarar i klubben vert gjort med eit smil. Dette smilet og den blide framtoninga er eit godt kjenneteikn på årets vinnar. Det å SJÅ og ta vare på alle er naturleg for denne spelaren, og leiareigenskapane gjer at kapteinsrolla har vorte tildelt både i aldersbestemt og no som seniorspelar.
Fleire klubbar som er større enn FBK Voss jaktar denne spelaren sine gode eigenskapar, og me er utruleg glade for at ho har valgt å spele for moderklubben sin.
Etter debut på seniorlaget til FBK Voss som 15-åring i 2023, står ho allereie med 62 senior A kampar for klubben. Som 17 år gamal kaptein har ho i haust leia laget sitt, damelaget, gjennom ein utruleg spanande kvalifisering som til slutt enda med opprykk til 3.divisjon.