[email protected]


Logo
Bli medlem
Cup

Smalahovecupen

Smalahovecupen vart arrangert fyrste gong i 2000. Fem lag var med fyrste året og sidan har det auka jamnt og trutt til 50 lag. Smalahovecupen er haustens store veteranfotballfest på Vestlandet. Årets turnering er den 25. i rekka og vert arrangert laurdag 1.november!

Klasseinndeling

I 2025 gjer me endring på klassene for menn. Me vil i år følge kretsen sin inndeling av klasser og hauste erfaring frå dette til framtidige arrangement. Dermed blir oppsettet som følgende:

Klasse A: Kvinner Veteran Nivå A (over 28 år - for dei som har spelt eindel fotball)

Klasse B: Kvinner Veteran Nivå B (over 28 år - for dei som har spelt lite fotball)

Klasse C: Menn Superveteran (over 60 år)

Klasse D: Menn Veteran (over 50 år) *

Klasse E: Menn Veteran (over 40 år) *

Klasse F: Menn Old Boys over 33 år) *

Klasse G: Open/Bedrift (over 18 år)

* I Klasse D, E og F ønsker me at de registrerer spelare og alderen så fort som mulig. Ved lav påmelding kan me må slå sammen klasser.

Påmelding 2025

Som førre år nyttar me påmelding via profixio. Dette gjer laga moglegheit til å gjere endringar fram til påmeldingsfristen går ut onsdag 15.oktober. Kvart påmelde lag må ha ein kontaktperson, som er ansvarlig for innbetaling av avgfiter. Bankettbillettar kan ein bestille under "Tjenester" i systemet. Her vel ein kor mange som ynskjer Smalahove eller Pinnekjøt. Grunna vår matbestilling er frist for bestilling av bankettbillettar satt til mandag 27.oktober.

Pris for påmelding er kr 3.000 pr lag

Maks antall deltagerlag er 50 lag

Påmelding

Påmeldingen åpner Torsdag 21.august kl 12.00

Praktisk informasjon:

Turneringa vert spela i femmarfotball. Det vil sei at laga stiller med fem spelarar på banen til ei kvar tid. Turneringa vert gjennomført etter NFF sine reglar for femmarfotball. Kampane vert spela i tidsrommet 09.00 - 17.00. I utgangspunktet er det gruppespel og sluttspel i kvar klasse, men i klassar med få lag kan det bli kun seriespel der vinnar av serien er klassevinnar.

Smalahove Cup går på sentralidrettsanlegget Prestegardsmoen på Voss. Alle kampane vert spela på kunstgras. Det vil vera garderobar og toalett tilgjengeleg i Voss Idrettshall som ligg heilt inn til baneområdet. Det vert og sal av mat og drikke frå kiosk ved banane og kafè innandørs i Idrottshuset.

Me gler oss til ein strålande kjekk dag med fotball i fokus, og minner samstundes om at det ikkje er tillat å drikka alkohol på offentleg stad. Hugs; festen er på kvelden.

Overnatting og bankett:

Som vanleg har me reservert ein del rom på Park Hotel Vossevangen. Desse kan bestillast direkte hjå Park, tlf. 56531000, e-post: [email protected]. Oppgje at de skal delta på Smalahovecupen ved bestilling.

Banketten med Smalahove på menyen vert som tidlegare i Vossasalen på Park Hotel Vossevangen.

Prisane for årets bankett er:

500,- for bankett og Smalahovemiddag

550,- for bankett og Pinnakjøtmiddag.

Først til mølla, 400 plasser under banketten!

Banketten startar kl.20.00 med premieutdeling, etterfulgt av mat og levande dansemusikk med det lokale rockabillybandet Twang Gang som spelar til dans utover kvelden, og kanskje norke jubileumsoverraskingar! Kleskode er Dress/Pent antrekk.

Ta kontakt med oss på epost om det skulle vera noko.

E-post: [email protected]

Vel møtt!

Våre Sponsorer
  • Sponsor logo #1
  • Sponsor logo #2
  • Sponsor logo #3
  • Sponsor logo #4
  • Sponsor logo #5
  • Sponsor logo #6
  • Sponsor logo #7
  • Sponsor logo #8
  • Sponsor logo #9
  • Sponsor logo #10
  • Sponsor logo #11
  • Sponsor logo #12
  • Sponsor logo #13
  • Sponsor logo #14
  • Sponsor logo #15
  • Sponsor logo #16
  • Sponsor logo #17
  • Sponsor logo #18
  • Sponsor logo #19
  • Sponsor logo #20
  • Sponsor logo #21