Klubbinfo
Sportsplan 2023-26
På årsmøtet 22.03.2023 vart det informert om at arbeidet med revisjon av Sportsplanen nærar seg ferdigstilling. Sportsplanen skal vera eit verktøy for veiledning, støtte og inspirasjon for arbeidet på feltet.
Årsmøtet vedtok å sende ut forslag til revidert sportsplan på høyring til alle medlemmar, med høyringsfrist 6.april 2023. Etter høyringsfristen går ut, vil styret i samråd med Sportsleg Utval vedta ny sportslan for perioden 2023 - 2026.
Dei som har innspel til sportsplanen gjer dette skriftleg pr. epost til [email protected] innan 6.april 2023. For å lette vurderinga av innspelet skal ein referere til sidenr og evt. avsnitt/kapittel i originaldokumentet, når ein kjem med endringsforslag.



















