
Voss Energi Akademiet
Akademiet er eit ekstratiltak for dei ivrigaste spelarane i ungdomsskulealder. Dette er ei ekstra økt i veka, i tillegg til lagsøkter og kampar. Her ønskjer me å vere med å påverke ungdommen, og skape ein felles "raud" tråd på Voss. Øktene vil vere spelretta, og me vil jobbe med ulike fasar av fotballspelet. Det vil og bli lagt til rette for mykje rolletrening. Det blir jobba både offensivt og defensivt, og kvar spelar vil få jobbe mykje retta inn mot posisjon på bana.
I tillegg til fotballutbytte, blir dei og skolerte til å systematisere og planlegge treningsveka. Det å stå opp tidleg, og skulle planlegge trening i forhold til kosthold og restitusjon.
Akademiet vert leia av Magne Himle, og med seg har han fleire dyktige trenarar med B-lisens.
Fram til kampsesongen er ferdig, så blir det økt kvar måndagsmorgon 06.55-08.15. Etter kampsesong kan det variere i dag og innhald.
Me nyttar for det meste spond, og her er gruppekoden - KFYHZ
Spørsmål? Kontakt Magne på [email protected]